Kom til Svanøy - reis heim ei oppleving rikare

 

To Kokker er ansvarleg for utleige av Svanøy Hovedgård og Norsk Hjortesenter:

 

Svanøy hovedgård

Svanøy Hovedgård er eit ærverdig gods med 21 rom og 42 senger. Den mangfaldige historia sit i veggane! Her har vore adeleg krongods, bispesete, futesete og kraftsentrum for haugianerrørsla. 

Hovedhuset har 14 doble rom. Nokre av romma har eige bad, andre må dele. Her er eit utall stuer for ulike formål: Ete god mat, nyte eit glas avec, kose seg framfor peisen, bli oppdatert på nyhetene i verden eller få kjenne litt på historia.

Det er òg mulig å leige overnatting i Eldhuset som har 4 soverom med 8 senger, opphaldsrom, toalett og tekjøkken eller Meieriet som har 3 soverom med 6 senger, stue, bad og fullt utstyrt kjøkken.


NORSK HJORTESENTER

Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya.

Låven på hjortesenteret huser gode lokale til arrangement, bryllup eller møter. Lokala har kapasitet opp til 140 personer. 

Her kan du ha arrangement og ete nydeleg mat i fred og ro, utan å bli forstyrra.

Ei omvisning blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme.


Kjøkkenet på Svanøy

Kjøkkenet på Svanøy følgjer årstidene og vi nyttar råvarer knytt til dei ymse sesongane. På Svanøy tenkjer vi lokalt. Vi nyttar i størst mogleg grad råvarer frå hjortesenteret, Svanøy Røykeri, lokale bønder og fiskararar. Kortreist mat er i tida, og på Svanøy har vi tilgang på førsteklasses råvarer som gjev deg ei unik matoppleving. 

aktivitetar 

Bistro To Kokker tek deg gjerne med på fisketur med lokalkjend skippar, på fart og moro med havrafting, fotturar, konkurransar, øksekasting, bogeskyting eller eit utendørs måltid i villmarksleiren. Besøk eit oppdrettsanlegg for laks der du  kan få smaksdemonstrasjon av heilt spesiell høgkvalitets røykelaks. Eller nærkontakt med hjort på hjortesenteret.

 

Møtelokale

På Svanøy kan vi tilby både Kjellerhuset ved Svanøy Hovedgård, som har kapasitet til 30 pers, eller møterommet på Norsk Hjortesenter med kapasitet på 45 pers.

Begge møteromma har tilgang til:

  • trådlaust nettverk
  • prosjektor
  • toalett
  • kjøkken

Booking Svanøy Hovedgård/Norsk Hjortesenter

Bistro To Kokker tilrettelegg opphaldet for deg om du kontaktar:

Øystein Berge tlf. 40 40 24 91 / oystein@tokokker.as
eller booking@svanoy.com / tlf. 57 75 21 93


Foto: Norsk Hjortesenter: Johan Trygve Solheim, Hovedgården: David Zadig